ViltforvaltningLytt til tekstenStopp avspillingVilt famnar om alle viltlevende landpattedyr og fuglar, amfibier og krypdyr. Kommunal viltforvalting vert regulert av Viltloven og forskrifter som høyrer. Lovverket gir kommunen avgjerdsrett og oppgåver på fleire område i tillegg til informasjons- og rettleiingsoppgåver. Påkøyrt vilt eller skadde dyr og fuglar skal meldast til politiet på telefon 02800. Rutinar ved trafikkulukker som involverer vilt Varsla politiet 02800 Ring Ettersøksringen på vakttelefon 948 54 645 Merk ALLTID skadestaden så godt som mogleg, eller vent til politiet/viltkontakt kjem Opplys politiet/viltkontakt så godt det let seg gjera om: Tidspunkt for påkjørsel/observasjon Kva for art det er snakk om, og alder og kjønn på dyret Kor dyret gjekk Om dyret hadde synlege skadar Skada hjort For hjort som vert påkjørt eller skada på anna måte skal det gjennomførast ettersøk. Meld frå til politiet på 02800 og deretter til Ettersøksringen som har døgnope vakttelefon 948 54 645. Skade på anna vilt Skade på andre ville dyr og fugl, for eksempel påkøyrd, fugl som ikkje er flygedyktig, skal meldast til Ettersøksringen på vakttelefon 948 54 645. Skada husdyr Skada husdyr som hund, katt eller sau er det pliktig å hjelpe (etter Dyreveldferdslova § 4) ved å melde frå til eigar og ta dyret med til veterinær eller kontakte politiet på 02800. For katter, hunder og andre dyr som blir påkjørt i trafikken, så har sjåføren i følgje vegtrafikkloven, eit spesielt ansvar for å sjekke omfanget av skadene og yte den hjelp som er nødvendig. Hjort som gjer skade i hage, åkre og eng Det vert ikkje gjeve løyve til å fella hjort som beiter i hagar. Huseigar må sikra eigedomen med gjerde på minst 1,8 m for å halda dyra ute. Landbrukseigedomar i aktiv drift kan søkja kommunen om skadefelling dersom skaden på produksjonsareal er vesentleg og får økonomiske følgjer for brukar. Normalt skal verdien av kjøtet frå skadefelling overførast til kommunalt viltfond. Sist endra 27.11.2023 10.14