Arealavdelinga i Sund kommune

Arealavdelinga er kommunens fagavdeling for handsaming av private planforslag, delingssaker, byggjesaker, seksjonering, utsleppsløyver,  geodata, kart- og delingsforretningar. I tillegg har vi ansvar for landbruksforvaltning og viltforvaltninga i Sund. Avdelinga har også ansvar for overordna arealplanar.

Våre tenester:

  • Byggesak                                                                  
  • Delingssak
  • Seksjonering
  • Løyve til utslepp
  • Forureining og miljø
  • Karttenester
  • Oppmålingsforretning
  • Private planar
  • Andre plansaker
  • Landbrukssaker
  • Viltforvaltning

Våre opningstider:

  • Våre opningstider er måndag, tysdag og fredag frå 09:00 til 15:00.

Vi vil frå og med 21. november 2014 oppretta telefonvakt med følgjande opningstider:

  • Måndag:         12:00 – 15:00
  • Tysdag:           12:00 – 15:00
  • Fredag:           12:00 – 15:00

I denne tida vil telefonvakta prioritere å ta i mot telefonar, beskjedar og svare på spørsmål. Ring servicetorget på telefon 56 32 75 00, så vil dei setje vidare til telefonvakta.

Det vil også være mogeleg å ringe direkte til den sakshandsamar som har di sak.

Avdelinga er stengt for sakshandsaming onsdagar og torsdagar.

I feriar vil andre opningstider gjelde.

Om du ikkje når oss pr. telefon, kan det hende vi sit opptatt med annan kunde. Ver vennleg å legg att beskjed i servicekontoret, så vil vi ta kontakt så snart vi kan.

Ønskjer du eit møte med ein sakshandsamar / rådgjevar eller leiar ved avdelinga?

Det vil ikkje lenger være høve til å få møte med nokon ved avdelinga utan at det er gjort avtale om dette på førehand.

Ver venleg å ta kontakt først anten pr. telefon eller e-post og gjer ei avtale med oss. Det er også mogeleg å legge att beskjed i Servicekontoret, så tek vi kontakt med dykk.

For at vi skal kunne gje best mogeleg hjelp i dykkar sak er det fint om du ved bestilling av møte opplyser om:

  • Namn og kontaktinformasjon
  • Kva saka gjeld
  • Om det gjeld ei sak under handsaming eller ei ny sak.
  • Om mogeleg opplyse om anten gards- og bruksnummer på eigedommen det gjeld, eller saksnummer om det er ei eksisterande sak.

For bestilling av førehandskonferansar eller oppstartsmøte:

Sist endra 22.01.2015
Kontaktpersoner
Telefon :
56 32 75 00
E-post :
postmottak@sund.kommune.no
Bunnhjørne
Login for redigering