Det inneber blant anna at alle kommunen sine saksdokument, inkludert all korrespondanse til og frå kommunen sine ulike organ, som hovudregel er offentleg. Den som ønskjer kan be om innsyn i kommunen sine saksdokument etter offentleglova. Send difor ikkje brev eller e-postar til kommunen med informasjon du ikkje vil skal bli allment kjent.
Kommunen er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all offentleg korrespondanse til og frå kommunen førast opp.