Formannskapet

 

Formannskapet vert vald av og blant kommunestyret sine medlemer, og har 7 medlemer.  Formannskapet fungerer som eit "førebuingsorgan" for kommunestyret, m.a. i økonomi- og budsjettsaker.  På nokre saksområde har formannskapet fått fullmakt frå kommunestyret til å gjera endeleg vedtak. Formannskapet har ca 15 møte pr år.  Også formannskapsmøta er opne for publikum, men kan lukkast i saker som ikkje er offentlege pga. teieplikt eller av  andre grunnar.

 

 

Publisert av Irene Kristin Melkevik. Sist endra 08.04.2016 14:39