Innsyn i offentlege dokument

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. 

Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ
  • Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslmyndigheit for saka dokumentet gjeld

Dersom du ynskjer innsyn i saksdokumenta må kravet gjelda ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning saker av ein bestemt art.

Krav om innsyn må sendast til postmottak@sund.kommune.no

Sist endra 04.05.2017

Kontakt

Sund Kommune
Telefon: 56 32 75 00