Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt tilsynsorgan for den kommunale forvaltninga., som m.a. skal sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Utvalet har 5 medlemer som vert valde av kommunestyret.  Ivar Steinsland er leiar og Kari Østervold Toft er nestleiar.

Utvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval.

Sekretariat:

Kommunen kjøper p.t. sekretariattenester hos Hordaland fylkeskommune.

Oppgåver

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverka til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogeleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen

Handbok for kontrollutvalet:

KMD har laga ei handbok for kontrollutvalet. Målet med denne er å skapa større forståing av kontrollutvalet sine roller og oppgåver, og å bidra til eit godt samspel mellom dei ulike aktørane.

Sist endra 16.02.2017
Kontakt
Telefon :
56 32 75 00
E-post :
postmottak@sund.kommune.no
Bunnhjørne
Aktuellt
Aktuelle linkar (1)
Login for redigering