Førehandstemming

Du kan førehandssemme i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandstemmer i ein annan kommunen enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjera dette så tidleg at stemma når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan valdagen. Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort el. likn.) og gjerne valkortet du får tilsend i posten (ikkje noko krav, men lettar arbeidet for valfunksjonæren).

Førehandsrøysting finn stad frå 10.08.17 til og med 08.09.17 

Kor kan ein førehandsstemme?

  • På Sund servicekontor, kommunehuset, måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30.

Utvida opningstid følgjande dagar:

  • Tysdag 29. august og tysdag 05. september kl. 15.30 – 19.00

  • Torsdag 31. august og torsdag 07. september kl. 15.30 – 19.00

  • Laurdag 02. september  kl. 10.00 – 14.00

På institusjonane i kommunen:

  • Solhaug sjukeheim   -   tysdag 05. september kl. 10.00 – 11.30
     
  • Sundheimen              -  onsdag 06. september kl. 10.00 – 11.30

På Sotra vidaregåande skule, avd. Sund:

  • Onsdag 06. september kl. 12.30 – 14.00.
Sist endra 21.06.2017

Kontakt

Sund Kommune
Telefon: 56 32 75 00