Høyring - Planprogram rullering av kommuneplanens arealdel

I medhald av plan- og bygningsloven § 11-13 har planutvalet vedteke å leggje på høyring: «Planprogram rullering av kommuneplanens arealdel».

Planprogrammet (PDF, 669 kB) er utlagt til ettersyn på Sund Servicekontor, kommunehuset i Skogsskiftet.

Etter vedtak av planprogrammet vil kommuneplanen verte revidert i tråd med føringar og rammer som går fram av planprogrammet. Det vert høve til å kome med innspel til kommunen sitt forslag til ny kommuneplan når planen vert sendt ut på offentleg høyring, og før det vert fatta endeleg vedtak.

Interesserte kan ta kontakt med sakshandsamar for nærare informasjon om planprogrammet.

 

Sist endra 08.06.2017

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56 32 75 27