Oppmålingsforretningar

Ønskjer du å dela frå ei tomt, eit tilleggsareal, føreta ei grensejustering eller oppretta ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkja kommunen om løyve.

 

Kommunen vurderer dei reguleringsmessige tilhøve, og om krava til føremålet er oppfylt. Deretter vert det halde oppmålingsforretning.

Oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar til fast eigedom, og gi nødvendig dokumentasjon for matrikkelføring,jf. matrikkellova § 33.

Eigarseksjonering uteareal

Eigarseksjonering er ein måte å dele opp eigarinteressene i ein eigedom på når vanlig tomtedeling er praktisk vanskeleg.

Eigarseksjonering høver mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk ening som kan omsetjast og pantsetjast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Anne Grete Sangolt Haganes
Anne Grete Sangolt Haganes
Leiar kart og oppmåling
Telefon: 56 32 75 20