Søknad om deling av eigedom og rekvirering av oppmålingsforretning kan søkjast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedommen, skal det krevjast vedlagt firmaattest av nyare dato.
Søknad om frådeling skal sendast til kommunen, der han vert gjennomgått og kontrollert. Vedtak om frådeling vert fatta etter plan- og bygningslova. Når vedtaket er fatta, vert saka sendt vidare for at eigedomen skal målast opp og tildelast eige gnr/bnr.
Dersom delinga er i strid med gjeldande arealplan, t.d. i LNF-område, kan ikkje søknaden behandlast som ei ordinær frådeling etter plan- og bygningslova. Da må det søkjast om dispensasjon frå plan- og bygningslova. I tillegg må søknaden behandlast etter jordlova. Det er ikkje noko eige skjema for søknad om frådeling etter jordlova, men det er fleire forhold ein lyt omtala i ein søknad, jf. § 9 og § 12 i jordlova.