Slik søkjer du

 

Slik søkjer du:

  1. Lag teikningar (fasade-, plan og snitt) av tiltaket - målsett og i målestokk 1:100.
     
  2. Teikn tiltaket inn på situasjonskart i målestokk 1:500 eller 1:1000. Målsett avstand til næraste nabobrense, nabobygning og midten av veg.
    Kart og naboliste får du ved å kontakte kommunen.
     
  3. Varsla naboar og tverrbuarar som vert råka av tiltaket. Dette kan gjerast ved at ein oppsøker heimelshavar og får deira underskrift, eller at varselet vert sendt rekommandert.

    Vent med innsending av byggjesøknad til merknadsfristen på to veker er omme, med mindre alle dei varsla har gjeve samtykke til tiltaket.

For ytterlegare opplysningar sjå Forskrift om byggesak (SAK 10) §5-4.

Send følgjande til kommunen:

  • Søknadsskjema
  • Eventuell søknad om dispensasjon
  • Skjema for "Opplysningar gjeve i nabovarsel" og "kvittering for nabovarsel"
  • Eventuelle merknader/samtykke frå naboar, dersom du har motteke noko
  • Situasjonsplan
  • Teikningar av tiltaket
  • Eventuelle andre løyve, for eksempel løyve etter hamne- og farvasslova

Opplysningar som skal gjevast ved søknad om løyve til tiltak

Oversikt over kva dokumentasjon som skal liggja føre i tiltaket

Sist endra 27.03.2017

Kontakt

Sigrid Midttveit
Sigrid Midttveit
rådgjevar
Telefon: 56 32 75 88
Steffen Molnes
Steffen Molnes
jurist/rådgjevar
Telefon: 56 32 75 35