Tidsfristar

 

Søknad etter pbl § 20-4 (utan ansvarsrett)

  • Tre veker. 12 veker dersom det trengs ytterlegare dispensasjon, løyve, samtykke, eller uttale frå annan styresmakt.

Søknad etter pbl § 20-3

  • Tre veker. 12 veker dersom det er motteken merknader frå nabo, eller det trengs ytterlegare dispensasjon, løyve, samtykke, eller uttale frå annan styresmakt.

Søknad om igangsettingsløyve

  • Tre veker.

Søknad om dispensasjon

  • 12 veker + fire veker dersom søknad vert sendt på uttale.

Søknad om ferdigattest

  • Tre veker.

Søknad om mellombels bruksløyve

  • Tre veker.

Førehandskonferanse

  • To veker

Fristane kan forlengast med den tida som går til feilretting eller supplering av opplysningar.

I plan- og bygningslova § 21-7 og kapittel 7 i sakshandsamingsforskrifta finn ein ytterlegare informasjon om
tidsfristar og verknadene av at fristane ikkje vert haldne.

Sist endra 07.03.2017