Klage byggesak

Fristen for å klage er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan fristen.

Fylkesmannen i Hordaland er klageinstans, men klaga skal sendast til Sund kommune. Saka vil bli vurdert av eining areal. Dersom den ikkje vert teken til følge, vert saka send til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg vedtak/avgjerd.

Klaga må vere underteikna, nevna det vedtak som det vert klaga over og du må legga fram dei endringane du ønskjer. Klaga må grunngjevast.

 

Kontakt

Mona Rabben
Rådgjevar
Telefon: 56 32 75 86