Personvernerklæring for Sund kommune

Sund  kommune har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av vår verksemd.

For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester, må kommunen  behandle opplysningar om deg elektronisk eller i eit register. Denne erklæringa  beskrive korleis Sund kommune  behandlar dine personopplysningar, kva som er formålet, kva  rettar du har og anna.

Alle kommunen sine saksdokument er som hovudregel offentlege. Send derfor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønskjer skal bli allment kjent.

Kommunen er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast opp.

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er motstrid mellom den og personvernlovgivinga/anna regelverk, har sistnemnde forrang.

Personvernerklæring for Sund kommune

Grunnprinsipp

Sund kommune har følgjande grunnprinsipp for behandling av dine personopplysningar:

  • Behandlinga skal vere lovleg, rettferd, korrekt og med openheit
  • Behandlinga skal vere konfidensiell, verna mot utilsikta endring og vere tilgjengelege
  • Opplysningane skal vere innsamla til eit bestemt føremål. Det betyr at   personopplysningane ikkje kan nyttast til andre formål eller på ein måte som er i strid med det  formålet opplysningane er samla inn til
  • Opplysningane skal  ikkje lagrast  lenger enn det som er nødvendig eller som kommunen er pålagt ved lov
  • Opplysningane skal vere oppdaterte

Det vert elles vist til personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 5.

Formål

Formål med behandlinga er å tilby deg offentlege tenester eller utføre lovpålagte oppgåver.

Det kan omfatta områda Oppvekst, skule og barnehage,  Helse og omsorg,  Kultur og fritid, Næring,  natur og miljø, Plan, bygg og eigedom, Politikk, innsyn og sjølvbetjening

 Du kan lese meir om dei enkelte tenestene på www.sund.kommune.no

Grunnlaget for Sund kommunen sin behandling av dine personopplysningar

Sund kommune må ha eit rettsleg grunnlag for å  kunne behandle opplysningar om deg . Vi  kan ha eit rettsleg grunnlag gjennom:

  • Ditt samtykke til at kommunen kan handtere dine personopplysningar
  • Heimel i lov som betyr at det er  naudsynt  for at kommunen skal  oppfylle ei rettsleg plikt eller utøve offentleg mynde som er lovpålagd
  • Anna, som til dømes kan vere at kommunen skal oppfylle ein avtale med deg (i høve dette grunnlaget kan  du i visse  tilfelle protestere mot behandlinga)

Er behandlinga er basert på samtykke, har du rett til å trekkje det tilbake når som helst.

Det vert elles vist til personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 6 – 11 og 21.

Innsyn

Hovudregelen er at du har rett til innsyn i  opplysningane som kommunen behandlar om deg. Du har og krav på  informasjon om behandlinga.

For å få innsyn må du kontakte tenestene eller eininga som utfører behandlinga. Du kan be om kopi av opplysningane som er registrert.

Du kan lese meir om dette i personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 15.

Rett til å få korrigert urette personopplysningar

Dersom Sund kommune sine opplysningar om deg ikkje er riktige, har du og rett til å få opplysningane korrigert. Det same gjeld dersom vi  ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Framgangsmåten for å få korrigert urette opplysningar er den same som for innsyn.

Personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har nærmare regler for dette.

Rett til avgrensa behandling

I visse  tilfelle kan du krevje at behandlinga av dine personopplysningar blir avgrensa. Det kan for eksempel skuldast at du meinar  personopplysningane  dine   ikkje er riktige, og det vil ta tid å vurdere dette.  Du kan då kontakte tenestene eller den aktuelle eininga.

Det vert elles vist til personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 18.

Dataportabilitet

For enkelte behandlingar kan du ha rett til dataportabilitet. Det  betyr at du kan krevje å få overført personopplysningar kommunen har om deg,  over til nokon andre.

Denne retten har fleire unntak og gjeld m.a. ikkje  dersom kommunen behandlar personopplysningane dine for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller at kommunen utøver offentleg mynde.

Regler om dette finn du i personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 20.

Rett til å få sletta personopplysningar

Du kan ha rett til å få sletta opplysningar kommunen har om deg. Denne retten har unntak og gjeld til dømes ikkje  for opplysningar som er arkivpliktige eller er nødvendige for å kunne krevje eller forsvare rettskrav.

Det vert elles vist til personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 17 og arkivregelverket.

Kven deler Sund kommune dine personopplysningar med?

I nokon tilfelle vert  dine personopplysningar  formidla til andre. Det kan vere samarbeidsorgan (for eksempel NAV og Husbanken) eller andre som kommunen  har plikt til å gi informasjon til. Det kan til dømes  og vere driftsleverandørar eller andre som må utføre sine oppgåver og har tilgang til dine opplysningar.

I slike tilfelle vil Sund kommune sikre at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at føresegner for teieplikt vert halde og at eventuelle nødvendige avtaler blir inngått.

Opplysningane kan i forbindelse med dette og bli overført til land utafor Europa.

Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling

Sund kommune vil sørgje for at dine personopplysningar er godt teknisk sikra, og tek omsyn til den risikoen som behandlinga kan ha for deg. Dersom noko går galt har kommunen beredskapsplanar for å handtere slike situasjonar.

Dei nemnde pliktene  går fram av personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 24 og 25.

Informasjonskapslar

Sund kommune sine nettsider bruker informasjonskapslar for å tilby deg tilpassa nettetenesterster og gje deg ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ein liten tekstfil som vert lagra på maskina di.

Personvernombod

Sund kommune har eit eige personvernombod. Ombodet skal bidra til at kommunen følgjer krava i regelverket og vere bindeledd mellom deg og kommunen dersom du treng  hjelp i forhold til dine rettar knytt til personvern.

Du kan kontakte personvernombodet  på e-post personvern@sund.kommune.no.

Klage til Datatilsynet

Du kan klage til Datatilsynet om du ikkje er nøgd med korleis Sund kommune behandlar dine personopplysningar,  eller du meiner behandlinga er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Kontaktopplysningar

Sund  kommune er behandlingsansvarleg og kan kontaktast via

E-post: postmottak@sund.kommune.no

Telefon: 56 327500

Postadresse: Postboks 23, 5371 Skogsvåg

Alle kommunen sine saksdokument er som hovudregel offentlege. Send derfor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønskjer skal bli allment kjent.

Kommunen er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast opp.

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er motstrid mellom den og personvernlovgivinga/anna regelverk, har sistnemnde forrang.