Ungdomskontoret i Sund

Ungdomskontoret er eit tilbod retta mot unge i Sund kommune. Dette er eit kontor der alle er velkomne!

Ungdomskontoret held til på kommunehuset i Skogsvåg. Her kan du møta rådgjevar frå ungdomsskulen og rådgjevar frå vidaregåande skule.

Du må gjera avtale om samtaletid på førehand. Når du kjem må du bruka inngangsdør til venstre. Døra er låst på kveldstid, men vi kjem og opnar for deg.

Vi er der tysdagar mellom kl. 16 og kl. 19 frå midten av oktober og fram til vinterferien. Her kan du komma til samtale i samband med innsøking og overgangen til vidaregåande skule. Det kan vera praktisk hjelp eller råd og rettleiing. Både elevar og foreldre/føresette er velkomne.

For avtale ta kontakt med rådgjevar på ungdomsskulen Kristin R Midttveit. E-post kristin.r.midttveit@sund.kommune.no eller tlf: 56327750

På ungdomskontoret kan du og få svar på spørsmål om skule, helse, økonomi, bustad, kultur og fritid. Det er ikkje sikkert vi kan svare på alt med ein gang, men vi lovar å gjere vårt beste.

Vi kan hjelpe deg i kontakten til andre tenester, hjelpe deg med ulike søknader, innhente nødvendige dokument og hjelpe deg i kontakten med foreldre og lærarar. 

Kontakt

Ungdomskontoret  i Sund
Ungdomskontoret i Sund
Telefon: 56 32 75 00