Reglar for søknad om fri frå skulen

Når ein skal søkje fri frå skulen er det eigne reglar som gjeld for dette. Desse gjeld for alle skuane i Sund.

Søknaden skal sendast inn i god tid før og seinast 3 veker før ønska permisjon. Ein skal no søkje elektronisk dersom ein ynskjer fri frå skulen.

I opplæringslova §2-11 står det: "Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den einskilde eleven permisjon inntil to veker. Det er eit vilkår for retten at foreldra syter for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når eleven kjem attende på skulen. Dersom skulen finn det naudsynt med ekstra prøver på grunn av permisjonen, pliktar eleven å rette seg etter dette."

Søknad om fri inntil 3 dagar skal skrivast i meldingsboka. Kontaktlærar kan gje fri.

Dersom eleven skal ha fri frå skulen meir enn 2 veker, må eleven meldast ut av skulen.

Sist endra 18.10.2017

Kontakt

Anne Britt Fanekrog
Anne Britt Fanekrog
Spesialrådgjevar
Telefon: 56 32 75 59
Mobil: 909 76 795