Skulebyte

Sund kommune har pr. i dag 4 skulekrinsar: Stranda, Glesnes, Telavåg og Skogsvåg.

Føresette som ønskjer at barn skal gå på ein anna skule enn nærskulen/krinsskulen, må sende ein skriftleg, grunngjeven søknad til den skulen ein vil gå på med kopi til kommunalsjef for oppvekst og nærskulen.

Rektor ved den skulen det vert søkt til, fattar vedtak i søknader om skulebyte.

Merk at retten til gratis skuleskyss fell bort der det er foreldra som vel å flytta barna til ein anna skulekrins enn den ein soknar til.

Høve til klage

Du kan klage på vedtak om skulebyte til anna skule. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket.

Klaga vert å sende skulen som har fatta vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Dersom skulen opprettheld sitt vedtak blir klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland, som er klageinstans.

Sist endra 18.10.2017

Kontakt

Anne Britt Fanekrog
Anne Britt Fanekrog
Spesialrådgjevar
Telefon: 56 32 75 59
Mobil: 909 76 795