Skuleskyss

Retten til skuleskyss er heimla i Opplæringslova § 7-1: «Elevar i 2. – 10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg etter vanskeleg skuleveg, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda».

Rett til fri skyss gjeld berre i samband med obligatorisk opplæring, det vil seie til/frå skuletida / undervisningstida. Barn i skulefritidsordninga (SFO) er derfor ikkje omfatta.

Leksehjelp er heller ikkje omfatta av skyssreglane. SFO og leksehjelp er frivillige tilbod og reknast etter lova som fritidstilbod. I kommentarane til Opplæringslova § 13-7 skulefritidsordninga vert dette presisert; «Departementet ser det ikkje som naturlig å innføre en rett til skyss etter et tilbod om leksehjelp der deltakelse er frivillig. Det eksisterer heller ingen rett til skyss etter skolefritidsordningen».

*Elevar som har plass i SFO både før og etter undervisningstida, har ikkje rett til fri skyss, og skal ikkje ha skulebusskort.

*Elevar som har plass i SFO berre om morgonen (før skuletid), eller berre om ettermiddagen (etter skuletid) – har rett på skyss ein veg.

Dersom eleven etter det ovannemnde har rett på fri skyss, men vert skyssa privat til /frå skulen, ber vi om at det ikkje vert søkt om busskort.

NB! Det er mogleg å søkje om skyss året rundt – dersom endringar fører til at eleven likevel treng busskort.

SKYSS organiserer på vegne av Hordaland fylkeskommune skuleskyss for elevar som har rett på det, på følgjande vilkår:

  • over 2 km til/frå skulen for 1. klasse
  • over 4 km for 2. – 10. klasse
  • Skyss ved delt bustad (50/50 eller 40/60% deling). NB! Rett etter lova er knytt til                                                                                                                folkeregistrert adresse om det må ligge føre avtale som er signert av begge foreldra.
  • Skyss for funksjonshemma som går på nærskulen
  • Skyss av midlertidig skadde

Å bevege seg i trafikken vil dessverre alltid innebere ein viss fare. Sund kommune arbeider for å gjere skulevegane i Sund så trygge som råd. Meir informasjon om skuleskyss kan du finne på www.tryggtrafikk.no og på fylkeskommunen sine nettsider.

www.hordaland/skoleskyss.no finn du:

www.skyss.no finn du:

  • Informasjon om grunnskuleskyssen
  • Opplæringslova
  • Cert (system for bestilling av skyss)
  • Ruteberekning skuleskyss

 

  • Det ordinære rutetibodet
  • Reiseplanleggjar
  • Prisar og oversyn over reiseprodukt
  • Kan bestille ordinære busskort

 

 

 NB! Rett til skuleskyss er enkeltvedtak, blir innvilga etter søknad, og gjeld for eitt skuleår!

Kontakt

Anne Britt Fanekrog
Anne Britt Fanekrog
Spesialrådgjevar
Telefon: 56 32 75 59
Mobil: 90 97 67 95