Skulefritidsordning i Sund

Sund kommune tilbyr skulefritidsordning på alle skulane for barn frå 1. - 4. klasse.

Søknadsfristen / hovudopptaket er sett til 15. mars og gjeld til plassen vert sagt opp. Nye søknader som kjem inn etter søknadsfristen, vert handsama etter kvart dei kjem inn. Ein skal søkje elektronisk om plass i skulefritidsordninga.

SFO i feriane:

  • Haust- og vinterferie.
  • Sommarferie – inntil 2 veker etter at skulen tek ferie, og inntil 2 veker før skulestart.

Tilbodet vert lagt til Skogsvåg skule og er ope for born frå alle krinsane. Påmelding til SFO i feriane skjer på eige skjema som ein får på eigen skule. Påmeldinga er bindande! Det vert kravd ekstra foreldrebetaling for ferieopphald – beløpet vil gå fram av påmeldingsskjemaet. Sjå vedtekter (PDF, 180 kB) for meir informasjon om tilbodet.

 

 

 

Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Inger Litlere
Inger Litlere
Barnehagekonsulent
Telefon: 56 32 75 52
Mobil: 481 23 766