PPT

Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT) skal hjelpe barn, ungdom og vaksne med særlege behov eller som strevar med utviklinga.

Barn vert vanlegvis tilvist frå barnehage/skule i samråd med føresette. Om du som føresett har eit barn du meiner ikkje har tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa eller har omfattande utfordringar, bør du først ta ein samtale med barnehagen/skulen for å få deira vurdering.

Elevar over 15 år, føresette og vaksne kan også sjølv ta kontakt med PPT for informasjon og vurdering av behov for hjelp frå PPT.

Sakkunnig arbeid:

Når eit barn er tilvist PPT og saka er vurdert og tatt inn, startar PPT si utgreiing. Gjennom informasjon frå føresette, barnehage/skule, samtale og eventuelt kartlegging/observasjon av barnet, får vi eit bilete av den enkelte sine styrkar, utfordringar og behov for tilrettelegging.

Konklusjonen kan anten vera at barnet sitt behov kan dekkjast innanfor det ordinære tilbodet, eller PPT kan tilrå spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervisning i skulen. Vi kan også vurdera vidare tilvising til ulike instansar.

Kompetanse- og organisasjonsutvikling:

PP-tenesta hjelper barnehagar og skuler med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at dei er betre i stand til å inkludere det enkelte barn i fellesskapet.

PPT skal hjelpa barnehagar og skular med utviklingsarbeid. Dette skjer mellom anna gjennom kontaktmøte, kurs/foredrag, konsultasjon eller direkte rådgjeving, til dømes i situasjonar med utfordrande klassemiljø eller utfordringar på ei avdeling i ein barnehage.

Styrar i barnehage og rektor på skulen kan tilvisa ved behov for hjelp til utviklingsarbeid.

Konsultasjon og rettleiing:

PPT skal vera tett på barnehagar og skular, og det skal vera låg terskel for både konsultasjon og rettleiing. Konsultasjon kan vera anonym, men skal helst vera avklart med føresette.

PPT sine oppgåver og mandat er heimla i barnehageloven kapittel 5 A  og i opplæringsloven kapittel 5

 

 

 

Sist endra 23.08.2017

Kontakt

PPT Sund
PPT Sund
Telefon: 56 32 75 00