Tverrfagleg ressursteam haust 2019

Ressursteamet er eit tverrfagleg konsultasjons- og rettleiingsteam som kan nyttast av skule, barnehage og andre kommunale tenester.

Møtetidspunkt haust 2019:

  • Onsdag 4.desember, kl. 09.00-11.00 på Helsehuset

Dersom du skal melde inn ei sak til møtet, må du levere skjema i servicekontoret på kommunehuset seinast måndag 2. desember. Send e-post til leiar i ressursteam om innlevert sak.

Foreldra er velkomne til å delta og skal alltid samtykke til at sak som gjeld deira born kan drøftast. Ressursteamet skal bidra til å sikre tidleg og rett hjelp til barn og familiar som treng det.

Ressursteamet erstattar ikkje pp-systemmøte, samordningsteamet (SOT) eller konsultasjonsteam for vald og overgrep.

PP-systemmøte er arena for drøfting av saker som er “klare” saker for PPT. Altså saker kor ein ikkje er uroa for generell utvikling og trivsel. SOT er samordningsteam for born og unge kor det er behov for eit formalisert samarbeid i form av koordinator og ansvarsgruppe. Konsultasjonsteam for vald og overgrep bidreg med råd og rettleiing i saker kor ein er uroa for om born vert utsett og vald eller overgrep.

Saker og møte i ressursteamet

Saker for ressursteamet
  1. Saker der samarbeid og tiltak har blitt prøvd utan at ønska/forventa resultat er oppnådd
  2. Saker kor lite er prøvd ut, men kor stafetthaldar og foreldre ynskjer tidlege innspel
  3. Generelle problemstillingar

Enkeltsaker vil bli prioritert framfor generelle problemstillingar.

Rettleiar for saker

BTI-modellen som viser nivå 0 til nivå 3 er ein god rettleiar for korleis tilsette går fram i
saker.

  • Det startar med ei undring og uro for eit barn
  • Del undringa di med næraste leiar
  • Snakk med bornet, sei kva du har lagt merke til, høyr på barnet
  • Snakk med foreldra, sei kva du har sett og sjekk ut kva foreldra tenkjer om det
  • Dokumenter samtalen
  • Bruk informasjonen du har fått til å vurdere kva som må gjerast vidare. Møte med føresette? Ulike tiltak? Stafettlogg. Evaluer tiltaka etter bestemt periode
  • Vurder behovet for å kople på andre tenester. Dersom det er uklart kva teneste, drøft innmelding til ressursteamet med foreldra. Avklar om foreldra ynskjer å vere med i møtet
  • Informer om kven som er med i teamet. Fyll ut skjema «Samtykke til drøfting i ressursteam» og «Innmelding av sak til ressursteam»
  • Skjema skal leverast i servicekontoret på kommunehuset. Desse må seinast leverast måndagen før det er møte i teamet. Send e-post til leiar i ressursteamet om innlevert sak
  • Leiar i ressursteamet har ansvar for at foreldra vert kontakta av ein i teamet i forkant av møtet, svarar på eventuelle spørsmål og sjekkar at foreldra har fått tilstrekkeleg informasjon
  • Stafetthaldar fører referat frå møtet i ressursteamet i stafettlogg
Innhald i møte
  • Møtet tek ca. 1 time
  • Teamet har god erfaring med å nytte reflekterande team som metode.
  • Stafetthaldar/foreldre/barn informerer om saka.
  • Møteleiar spør spørsmål og gjer avklaringar om kva tema dei ber om rettleiing/refleksjonar på (ca. 15 min)
  • Teamet får stille avklarande spørsmål, før refleksjonsrunden byrjar. No vert foreldre og
  • stafetthaldar tilhøyrarar (ca. 15 min)
  • Deretter samtaler møteleiar med stafetthaldar og foreldre om det som har kome fram
  • Ynskjer dei fleire svar/refleksjonar opnar ein opp for ein ny refleksjonsrunde i teamet.
  • Møteleiar avsluttar og oppsummerer anbefalingane og tilbakemeldingane.

Det vert gjeve tilbod om samtale mellom foreldre, møteleiar og stafetthaldar i ettertid av møtet. Ressursteamet har ingen vidare ansvar eller oppgåver knytt til saka, men møteleiar kan i møte med stafetthaldar og foreldre i etterkant vere med å lage ein plan for å iverksetje ynskjer og anbefalingar.

Skjema:

Samtykke til drøfting i ressursteam (PDF, 196 kB) Innmeldig av sak til ressursteam (PDF, 195 kB)

Deltakarar i ressursteamet
Deltakarar i ressursteamet
Namn Tenesteområde E-post
Line Glesnes - Leiar NAV Sund line.glesnes@nav.no
Sølvi Vindenes Helsestasjonen
Jarle Solberg Psykisk helse
Anita Espeseth PPT
Elin Foseid Pyskolog for barn og unge
Christine Turøy Barneverntenesta
Karina Seglem Fysioterapeut
Marit Nielsen Tiltak for funksjonshemma

Kontakt

Line Glesnes
Leiar ressursteam