Korleis gå fram med ei bekymring?

Vaksne kan gjere ein skilnad for barn og unge som har ekstra behov for hjelp og støtte. Dersom du er bekymra for barnet ditt eller nokon du kjenner, er det hjelp å få.

Snakk med ein i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, ein tilsett i barnehagen, helsestasjonen, PPT, ungdomskontoret, SLT-koordinator eller hendvend deg til servicekontoret for ein kontaktperson over telefon.

Bedre tverrfaglig innsats (BTI) er ei modell som skal gjere dei tilsette som jobber med barn og unge i Sund kommune meir koordinerte. Nokon barn, ungdommer eller familiar treng litt ekstra støtte i ei kort periode, andre treng hjelp frå fleire tenester over lang tid. Uansett ønskjer vi å sikre tidlig innsats og at ein får den hjelpa som skal til.

Det er viktig at ei bekymring ein som føresett har for barnet sitt vert tatt på alvor og handla på. Hjelp og tiltak må alltid utarbeidast i samarbeid med den det gjeld og familien. Dette gjeld til dømes i barnehagar, skular, helsestasjonen, PPT, barneverntenesten og andre tenester. Der det er behov for innsats frå fleire instansar skal det koordinerast godt.

BTI-modellen skiljer mellom fire nivå på innsatsen:

Nivå 0:

I barnehagen eller på skulen involverast gjerne andre tilsette, samt foreldre. Medarbeidarane kan hente råd og rettleiing frå kverandre.

Nivå 1:

Her set ein inn ei ekstra merksemd eller interne tiltak over kort eller lang tid. Leiinga er no informert. Foreldre skal og være informert, og tiltaka skal utformast i samarbeid med barnet og familien.

Nivå 2:

Her involveres ein eller fleire hjelpetenester, t.d. PPT. Foreldre må gi løyve til dette.

Nivå 3:

Her er det behov for et bredt samarbeid med ulike instanser. Foreldre må gi løyve til dette samarbeidet.

 

Les meir om dei ulike tenestene på kommunen sine nettsider, eller sjå oversikt over hjelpetiltak. (PDF, 265 kB)