Treng du hjelp, eller lurer du på om andre treng hjelp?

I vår kommune finst det fleire å snakka med om bekymringar, tankar, kjensler og trivsel. Ein skal alltid kunne finne nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.

Om du har god kontakt med ein lærar kan han eller ho hjelpe deg med å finne rett teneste til akkurat det du treng.

Alle som arbeider med barn og unge i kommunen har teieplikt, og må ha ditt samtykke for å involvere andre. Det vil seie at du må gje dei lov til å snakke om deg med andre personar.

Det er og mogleg å ta kontakt med helsesøster på skulen, eller helsestasjon for ungdom      

Nokon viktige telefonnumre:

  • Legevakt: 116 117

  • Barnevern: 55 09 71 40

  • Helsestasjon for ungdom: 55 09 68 02

  • Krisetelefon for barn og unge: 116 111

  • Politiet: 02800 (i nødtilfeller, ring 112)

NB: Hvis du har mistanke om vald eller overgrep skal du ta kontakt med Politi 112 eller Barnevern 55 09 71 40.