Stafettlogg

Ein stafettlogg er ein logg som gir oversikt over:

  • mål, tiltak og aktivitet, samt vurdering av effekt.
  • møter og kven som er møtedeltakarar. 
  • kva tenester og fagpersonar som er involvert.

Stafetthaldar (den som koordinerer) opprettar stafettloggen etter samtykke frå føresette. Stafettloggen blir alltid utarbeidd i samarbeid med føresette. Barnet/ungdommen skal få informasjon og delta etter sine føresetnader og ønskje.


Dei føresette vil ha fullt innsyn i loggen, notat vil bli delt ut etter kvart møte.

Dersom fleire tenester skal bli involvert i stafettloggarbeidet, skal dei føresette gi særskilt samtykke til dette. Det same gjeld når ein annan teneste overtar ansvaret for stafettloggen.

Stafettloggen blir avslutta etter oppnådd mål. Loggen kan òg bli avslutta undervegs dersom dei føresette ynskjer det.

Det som er registrert i loggen, vil følgje arkivlova og vil bli oppbevart for framtida.