Spørsmål og svar om ordninga

 

Kven kan søkje om reduksjon i foreldrebetalinga og gratis kjernetid?

For å søkje om redusert foreldrebetaling må foreldre/føresette dvs familien si samla inntekt vere under 486 750. For å søkje om gratis kjernetid må familien ha ei samla årsinntekt under kr 417 000. Desse satsane gjeld for 2017. Ordninga gjeld alle 3, 4 og 5 åringar, og ein kan søkje i august det året barnet fyller3, 4 eller 5 år.

Ein søkjer som regel samstundes som ein søkjer om barnehageplass, men det er også mogeleg å søkje om redusert foreldrebetaling i løpet av barnehageåret dersom familien si inntekt vert vesentleg endra, eller barnet byrjar i barnehage midt i året.

Kva reknast som ein familie?

Åleineforsørgjer, ektepar, registrerte partnare eller sambuar. Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman og har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Har barnet delt bustad, skal foreldrebetalinga regnes ut frå inntekta i den familien der barnet er busett i folkeregisteret.

Kva for inntekt skal reknast med?

Foreldrebetalinga skal bereknast ut frå familien si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Skattepliktige kapitalinntekter er blant anna: renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigendom og lausøre. Skattefrie overføringar slik som barnebidrag, kontantstøtte og barnetrygd skal haldast utanfor. Sjølvstendige næringsdrivande skal levere oppgåve over pensjonsgivande inntekt.

Kva dokumentasjon må leverst med søknaden?

Siste års sjølvmelding (ar) og siste lønslipp utbetaling. Ved variabel inntekt så legg ved lønslipp frå dei siste 3 månader.Sjølvmeldinga vil normalt innehalde dei fleste skattepliktige kapital- og personinntektene. Dersom noko ikkje er registrert på sjølvmeldinga er søkar pliktig til å opplyse om det.

Dersom inntekta er endra frå føregåande år, kan søkar legge fram anna dokumentasjon for inntekt. Ein kan og søkje undervegs i året dersom det er vesentlege og varige endringar i inntekta til familien. Med vesentlige og varige endringar meinar ein her stort inntektstap som følgje av utdanning, langtidsledigheit, endringar i familien si samansetting eller liknande.

Eventuelle endringar i løn eller andre inntekter som kan påverke berekningsgrunnlaget må snarast meldast til kommunen. Dersom ein ikkje melder frå kan det føre til krav om tilbakebetaling. Ved mangelande dokumentasjon blir søknaden avslått.

Kva om søkjar ikkje kan leggje fram sjølvmelding?

Søkjar kan legge fram anna dokumentasjon for inntekt. Kommunen gjer då ei skjønnsmessig vurdering av kva dei skal be om som dokumentasjon. Kontakt kommunen før du fyller ut søknaden

Korleis blir foreldrebetalinga berekna for ein familie som har rett til redusert foreldrebetaling?

Kommunen vil legge saman personinntekt(er) og kapitalinntekt(er) frå sjølvmeldinga(e) samt eventuelle andre inntekter det er opplyst om. Viss samla inntekt er under grensen (fastsettas for kvart år) bereknar avdelinga storleiken på reduksjonen. (Sjå eksempel 1 nedanfor).

Korleis blir foreldrebetalinga berekna for ein familie som har rett til gratis kjernetid?

Gratis kjernetid kjem i tillegg til reduksjon i foreldrebetalinga. Først bereknar ein kor stor reduksjonen blir for ein heildagsplass. Deretter blir betalinga for dei 20 gratis opphaldstimane trekt frå. Viss barnet ikkje har heildagsplass (45 timer i veka) vert satsane utrekna forhaldsmessig frå talet på timer barnet nytter tenesta. (Se eksempel 2 nedanfor).

Eksempel 1: Redusert foreldrebetaling

Familien har ei person- og kapitalinntekt på kr. 350 000. Foreldrebetalinga skal ikkje overstige 6 % av inntekta. Dette gjev ein maksimal foreldrebetaling på kr. 21 000 pr. år. Med 11 betalingsmånader vert det kr. 1 909 pr. månad. Søsken får søskenmoderasjon rekna ut frå den reduserte foreldrebetalingssatsen.

Eksempel 2: Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Gratis kjernetid for en 3, 4- eller 5-åring i ein familie med person- og kapitalinntekt på kr. 350 000 får i tillegg eit frådrag for 20 timer i veka. Når dette blir trekt frå vert satsen kr. 1 061 pr. månad.

Kva om barnet går i ein barnehage i ein annan kommune enn der dei er folkeregistert?

Det er kommunen der barnet er folkeregistret som skal behandle søknaden om reduksjon.

Har du andre spørsmål kring dette så kan du ta kontakt med Sund kommune, barnehagekonsulent.

Sist endra 23.03.2017