Gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

Dette er ei nasjonal ordning som vart innført i samband med prisauke i barnehage våren 2015.

Redusert foreldrebetaling:

Ordninga skal sikre at husholdingar ikkje skal betale meir enn 6% av brutto inntekta si for ein barnehageplass. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar. Ordninga er søknadsbasert og husstanden må søkje på eige skjema for å få ein eventuell reduksjon. Dette er ikkje noko ein får automatisk. Det skal søkjast for eit barnehageår om gongen.

Gratis kjernetid:

Det inneber at alle 3, 4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphald i barnehage pr. veke. 
Du må søkje om dette på eige søknadsskjma.

Gratis kjernetid gjeld uavhenging av om barnet har deltids- eller heiltidsplass.

For å få redusert pris på grunn av låg inntekt må du sende søknad om redusert foreldrebetaling. Du må leggje ved kopi av siste sjølvmelding eller anna dokumentasjon på inntekt.

Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Inger Litlere
Inger Litlere
Barnehagekonsulent
Telefon: 56 32 75 52
Mobil: 481 23 766