Saksgang ved klage

Ved hovudopptaket kan ein klage på avslag på søknad om barnehageplass dersom ein ikkje får oppfylt første eller andre valet sitt. 

Høve til å klage:

Ved hovudopptaket kan ein klage på avslag på søknad om barnehageplass dersom ein ikkje får oppfylt første eller andre valet sitt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar med lovfesta rett til prioritet klage. Klagefristen er 3 veker frå vedtaket om barnehageplass vert motteke.

Klage vert å sende til den barnehagen som har gjort vedtaket.

Dersom barnehagen finn at barnet skulle fått tilbod om den ønska plassen, skal det får tilbod om første ledige plass etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass.

Dersom ein ikkje får medhald i klagen, går saka vidare til Klientutvalet, som er Sund kommune sin klageinstans.

Klaga:

Ei klage skal skje skriftleg.

Følgjande må presiserast i klagen:

  • Kva for vedtak det vert klaga på.
  • Årsak til klaga
  • Kva for endringar ein ønskjer
  • Legge fram ev. nye opplysningar som kan ha betyding for klaga.
  • Dersom klaga vert levert for seint må ein opplyse om årsaka til dette.

 

Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Anne Britt Fanekrog
Anne Britt Fanekrog
Barnehagekonsulent
Telefon: 56 32 75 59
Mobil: 909 76 795
Inger Litlere
Inger Litlere
Barnehagekonsulent
Telefon: 56 32 75 52
Mobil: 481 23 766