Betre tverrfagleg innsats

Jente med bamse - BTI bilete - Klikk for stort bilete Sund kommune skal bruke modellen for Betre tverrfagleg innsats (BTI) for å sikre tidleg innsats i arbeid med barn og unge. 

 

Når barn møter på utfordringer i kvardagen vil vi:

  • Lytte til barnet. Barnet kjenner sjølv best kor skoen trykker, og gir uttrykk for det på si måte.
  • Samarbeide med foreldre om å finne gode løysingar. Løysinga ligg oftast i dei små tinga!

Kjegle puslebiter - BTI bilete - Klikk for stort bilete

Ved hjelp av modellen jobbar vi med rutinane i kommunen slik at alle tenestene skal kjenne til kvarandre, og lettare kunne tilby barn, unge og familiane deira rett hjelp til rett tid.

Utfordringar kan vere for eksempel faglege, fysiske, sosiale eller følelsesmessige forhald. Det kan og vere utfordringar i samband med akutt, kronisk eller anna alvorleg sjukdom hos foreldre/føresette.

 

Målgruppe:

  • Barn, unge, foreldre/føresette.

Målsetting:

  • At barn, unge og familiane deira skal få rett hjelp til rett tid

 


 

Kontakt

Birgit Frantzen
Birgit Frantzen
Psykolog / Prosjektleiar BTI
Telefon: 56 32 75 22