Vil sikra ein god samanslåingsprosess

Frå møte 20 nov 2017 - Klikk for stort bilete Vigleik Brekke Fellesnemnda drøfta på møtet måndag denne veka korleis ein skal sikra ein god samanslåingsprosess for Nye Øygarden kommune. 

I saka som prosjektleiaren presenterte for nemnda, går det fram at Nye Øygarden kommune skal arbeida etter den føreslåtte modellen; effektmål, resultatmål og suksesskriterium. Etter drøftinga i møtet vart det vedteke at nokre formuleringar vert omarbeidde og at det vert sett opp ei skjematisk oppstilling som viser kva mål som er oppnådde og kva det skal arbeidast vidare med. Saka vert lagt fram for fellesnemnda igjen den 22. januar. 

Les heile saka på www.nyeoygardenkommune.no


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Sist endra 20.11.2017