Innbyggjartorg i Skogsskiftet

Klikk for stort bileteIngrid Elisabeth Toft, Espen Harkestad, Silvia Haugland og Børge Haugetun frå Øygarden fekk tilslutnad til nytt punkt knytt til lokalisering

Det blei i fellesnemnda i dag bestemt at det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. 

Som hovudprinsipp skal tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

Fellesnemnda vedtok også at Kommunal Landspensjonskasse (KLP) vert leverandør av pensjonstenester.

Heile saka les du på www.nyeoygardenkommune.no