Tilsetjing av kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune

Illustrasjonslogo for vår nye kommune - Klikk for stort bilete Tre av søkjarane har i dag takka ja til å vera kommunalsjef i Nye Øygarden kommune. Line Barmen vert kommunalsjef for Helse og velferd, Anne-Merete Vabø Haugane vert kommunalsjef for Oppvekst, medan Råmund Skjold får stillinga som kommunalsjef for Kultur og samfunn.

Ein ekstern søkjar har fått tilbod om stillinga som kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering. Det er venta svar frå vedkomande i neste veke. Stillinga som kommunalsjef for Økonomi vert lyst ut eksternt.

Prosjektrådmann Rune Lid gler seg over at han har fått på plass tre av fem kommunalsjefar i leiarteamet.

– Det er gledeleg at dei tre stillingane no er på plass. På vegner av Nye Øygarden er eg glad for og stolt over at våre eigne folk har nådd opp trass i sterk konkurranse frå eksterne søkjarar. Eg forstår at nokre er skuffa over at dei ikkje nådde heilt opp. Tilsetjingsutvala har vore samla i avgjerda om kven som skulle få tilbod om stillingane. Prosessen har vist meg at det er svært mange dyktige medarbeidarar i dei tre kommunane, seier Rune Lid som i fellesnemnda den 29. oktober vart tilsett rådmann frå første januar 2020.

Kommunalsjef for Helse og velferd


Line Barmen (53) er i dag omsorgssjef i Fjell kommune. Ho har tidlegare vore tilsett på sjukehuset i Odda og Haukeland universitetssjukehus. Barmen har erfaring som sjukepleiar og avdelingsleiar i heimetenesta i Bergen kommune og seinare vore soneleiar for heimetenesta og pleie- og velferdsleiar i Fjell kommune. Ho er autorisert sjukepleiar og har leiing og jusutdanning innan helse og omsorg. Anna utdanning er relasjonsleiing og teamutvikling/leiing, coaching-basert leiing og samskaping og scenariotenking og framtidsutvikling.

Line Barmen og Rune Lid - Klikk for stort bileteLine Barmen og Rune Lid Vigleik Brekke

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommunalsjef for Oppvekst


Anne-Merete Vabø Haugane (49) er i dag rektor på Fjell ungdomsskule. Tidlegare har ho vore avdelingsleiar, HR i Bergen kommune og inspektør på Olsvik skole. I Fjell har ho vore med i rettleiartenesta og lærar på Kolltveit skule. Ho har erfaring frå konfliktsrådsmekling og har vore tillitsvald i skuleleiarforbundet. Av utdanning har ho rektorskulen og master i organisasjon og leiing, helse, velferds- og utdanningsleiing. Ho har også diverse jusutdanningar, coaching, skuleutvikling og gestaltrådgjeving.

Anne-Merete Vabø Haugane og Rune Lid - Klikk for stort bileteAnne-Merete Vabø Haugane og Rune Lid Vigleik Brekke

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kommunalsjef for Kultur og samfunn


Råmund Skjold (51) er no kommunalsjef for tekniske tenester i Øygarden kommune. Tidlegare har han vore kommunalsjef for tekniske tenester, einingsleiar for teknisk drift og service og fagleiar for landbruk og miljø i Øygarden kommune. Han har også arbeidd som adjunkt på Stend jordbruksskule og Val jordbruksskule. Han er utdanna som cand agric, naturforvaltning på Norges landbrukshøgskule.

Råmund Skjold og Rune Lid - Klikk for stort bileteRåmund Skjold og Rune Lid Vigleik Brekke

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke