Tilsetjing av kommunalsjef for økonomi i Nye Øygarden kommune

Rådmann Rune Lid (Sund kommune) - Klikk for stort bilete Rådmann i Sund, Rune Lid,  er tilsett som kommunalsjef for økonomi i Nye Øygarden kommune. Det har tilsetjingsutvalet avgjort. Rune Lid, som sidan 16. april også har vore prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune, har takka ja til stillinga som kommunalsjef.

Tilsetjingsutvalet er samansett av dei tre ordførarane i regionen, Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund), Odd Bjarne Skogestad (KrF) og tre tillitsvalde. Dei tillitsvalde er Hildegunn Høyland, Einar Lunde og Solveig Rong.

I samband med at Rune Lid vart tilsett som prosjektrådmann i fellesnemnda den 16. april, vart det også avgjort at han skulle få tilbod om stillinga tilsvarande assisterande rådmann frå og med 1. januar. Fellesnemnda avgjorde i møtet den 18. juni at tilsetjingsutvalet får mynde til å tilsetja Rune Lid i aktuell kommunalsjefstilling.

Fellesnemnda vedtok den 18. juni at toppleiinga i den nye kommunen skal vera samansett av rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. Dei to støttefunksjonane vert leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering i tillegg til kommunalsjef for økonomi.

Lyser ut fire kommunalsjefstillingar denne veka
Tilsetjingsutvalet arbeider med gjennomføra tilsetjing i dei fire kommunalsjefstillingane som står igjen. Desse stillingane vert lyst ut denne veka. Målet er at alle kommunalsjefane er tilsette i løpet av august. Kommunalsjefane skal vera delprosjektleiarar fram til den nye kommunen er ein realitet 1. januar 2020.

- Etter påske har vi prioritert arbeidet med overordna administrativ organisering. Ved å få den overordna strukturen på plass så tidleg som mogleg, sikrar vi tilstrekkeleg med tid til å arbeida med neste fase (nivå to). Dette arbeidet vert svært viktig, og det er gjennom dette arbeidet vi kan sikra best mogleg tenester for innbyggjarane, seier Rune Lid.

Rune Lid rosar leiargruppene i dei tre kommunane for å støtta godt opp om dette arbeidet. Han opplever at dei har tilført ressursar og kompetanse i den krevjande og viktige fasen Nye Øygarden kommune har vore gjennom.

- Den siste tida har vore svært hektisk for mange medarbeidarar i dei tre kommunane. Eg vil også takka mine rådmannskollegaer for svært gode bidrag og arbeidsinnsats den tida eg har vore prosjektrådmann, seier Lid som også takksam for at fellesnemnda har gjort nødvendige vedtak som har sikra framdrift i arbeidet med å byggja den nye kommunen.