Sotra Legevakt flyttar

Øygarden lokalmedisinske senter 1 - Klikk for stort bilete Tysdag 5. februar flyttar Sotra legevakt til nye lokale i Øygarden lokalmedisinske senter.

Ny adresse er: Blombakkane 77, 5354 Straume
 

Kven skal du ringja når du treng hjelp?

  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er din hovudkontakt inn i helsevesenet, og om det er mogeleg, bør du alltid ringja hit fyrst.
  • Legevakta 116 117 eller 56 31 43 70 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.
  • 113 ved livstruande skade eller sjukdom

Opningstider

Legevakta er døgnopen. Du må ringja legevakta før du kjem. Telefonen vert svart av sjukepleiar, som vil vurdera kor mykje situasjonen hastar og gje deg råd eller setja deg opp til time hjå legen.