Rullering kommuneplanen sin arealdel

Sund kommune varsler med heimel i plan- og bygningsloven § 11-12 oppstart av arbeid med kommuneplanens arealdel.

Kommunestyret har i vedtak K-100/16 vedteke at det skal gjennomførast ei mindre rullering av kommuneplanen. Mål for rulleringa er:

•          sikre vidare bustadutvikling i kommunen
•          næringsareal
•          tilgang til sjø for allmenta

Utdjuping av formål og satsingsområder for denne rulleringa skal gå fram av planprogrammet. Forslag til planprogram vert sendt ut på offentleg høyring før det vert vedtatt, og det vert då høve til å kome med merknad. Forslag til planprogram vil verte kunngjort på kommunen sine nettsider.

Etter vedtak av planprogrammet vil kommuneplanen verte revidert i tråd med føringar og rammer som går fram av planprogrammet. Det vert høve til å kome med innspel til kommunen sitt forslag til ny kommuneplan når planen vert sendt ut på offentleg høyring, og før det vert fatta endeleg vedtak.

Følg rullering av kommuneplanen her

 

Sist endra 13.03.2017

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
Rådgjevar
Telefon: 56 32 75 27