Oppheving av totalforbod mot bruk av eld utandørs

Brann - Klikk for stort bilete Totalforbod mot å gjera opp eld utandørs blir oppheva frå onsdag 25.07.18 kl 12:00!

Nedbør den siste tida gjer at brann og redningssjefen i Øygarden brann og redning IKS opphevar totalforbodet mot å gjera opp eld utandørs med verknad frå onsdag 25. juli kl 12:00.

Dette gjelder for kommunane Sund, Fjell og Øygarden.

Brann og redningssjefen nyttar høvet til å takke alle som har bidratt til at det no oppheva forbodet har fungert på ein god måte!

Reglane i Forskrift om brannfrebygging §3 trer då inn som den regelen for utandørs brenning og bruk av eld me skal fylgja:" Det er i tidsrommet 15. april til 15. september forbudt å gjøre opp ild i eller i nærheten av skog og annen utmark uten tillatelse fra kommunen. Kommunestyret selv kan gjennom lokal forskrift fravike dette forbudet dersom lokale forhold tilsier det. Det er likevel tillatt å gjøre opp ild der det åpenbart ikke kan medføre brann"