Nytt fylkesvåpen

Nytt fylkesvåpen - Klikk for stort bilete Har du ein god idè til kva som kan vere eit samlande fylkesvåpen for det nye fylket?

Fram til 20. juni er det fritt fram for alle å sende inn sine bidrag til ei innspelkonkuranse.

  • Kva er felles for Sogn og Fjordane og Hordaland?
  • Kva kan vere eit motiv eller symbol som betyr noko for alle innbyggjarane i det nye fylket?

Det fins ein del reglar for våpenskjold og dei kan du lese om på dei to fylka sine felles nettsider vlfk.no

Det skal for eksempel være få fargar, helst ein klar og rein farge og ein metallfarge (gull/sølv).

Vidare er det tre tradisjonar for motiv på fylkesvåpen

  • Historiske motiv (kulturminne og liknande)
  • Motiv frå flora og fauna som er typisk for området
  • Landskapsmotiv frå området

Politikarane i dei to fylka har eit sterkt ønske om å engasjere alle innbyggjarane, og spesielt barn og unge, til å komma med innspel til korleis det nye våpenet skal sjå ut.