Minnefond 2017

Johannes Kleppevik (John Foss) - Klikk for stort bilete Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond er i samarbeid med Sund kommune basert på midlar frå Sparebanken Vest. Stiftinga sitt føremål er å fremja kystkulturen i Hordaland. 

Frist for å koma med framlegg er 1. mai 2017

Kvart år vert det delt ut ein minnepris som går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som på ein framifrå måte har fremja kystkulturen i Hordaland.

Kommunen sjølv kan og koma med framlegg på kandidatar som fortener prisen.

Send framlegg til:

Sund kommune, kulturavdelinga, Pb 23, 5371 Skogsvåg eller til postmottak@sund.kommune.no

 
I 2017 vert minneprisen delt ut på Panorama Hotel og Resort i Sund laurdag 30.september.

Sist endra 02.04.2017