Kulturminnedagen 2018

Johannes Færø - Klikk for stort bilete I år set Sund kommune fokus på Johannes Færø sitt liv og virke.

Arrangementet vert halde på  Strandatunet 9.september kl 14.00 -18.00. Det vert foredrag om damaskveving og utstilling av tekstilar, som vi samlar inn til dette arrangementet. Kafeen på Tongjen held ope, slik at ein òg kan ta seg ein tur ned på kaien for ein matbit.

Har du noko som Johannes Færø har laga og som du vil ta med på utstillinga den dagen, er vi takksame om du tar kontakt med Unni Øvretveit  unn-oe@online.no , mob. 917 13 200 (Strandatunet bygdalag) eller Grete Torp grete.torp@gmail.com (Sotra husflidslag) innan 20.august.