Korleis skal innbyggjarane stilla seg til oljesølet?

Oljevernaksjonen rundt KNM Helge Ingstad 1 - Klikk for stort bilete
Etter fregatthavariet ved Stureterminalen i forrige veke, er det synleg oljefilm på sjøen og i strandsona fleire stadar i Øygarden. Mange lurer på korleis dei skal stilla seg til denne situasjonen. Her er informasjon og råd.

Fregatten KNM HELGE INGSTAD og tankskipet «SOLA TS» kolliderte 08.11.2018 kl. 04.00 nord for Stureterminalen i Øygarden kommune. Tankskipet fekk mindre skadar som følgje av samanstøtet, medan KNM HELGE INGSTAD vart påført betydelege skadar. Fartøyet hadde cirka 33 kubikkmeter helikopterdrivstoff om bord, der cirka 10 kubikkmeter truleg lak ut i dei første timane etter kollisjonen. Fartøyet hadde ved havariet 380 kubikkmeter marin dieselolje og ca. 30 kubikkmeter med andre oljetypar. Det lek framleis frå havaristen, og det vert jobba kontinuerleg med oppsamling.

Oljevernaksjonen vert leia av Kystverket. IUA Bergen region (interkommunalt utvalg mot akutt forurensning) har iverksett tiltak i samsvar med kommunal beredskapsplikt, og har mellom anna lagt ut oljelenser langs land, i viker og i sund for å avgrensa skadeverknadane av oljesølet. Øygarden brann og redning IKS tek i vare leiinga på skadestaden for IUA Bergen region.

Utgjer oljesølet ein helserisiko for folk og dyr?

Små mengder helikopterdrivstoff og lette dieselprodukt, som har leke ut frå den havarerte fregatten, kan sjåast som eit tynt lag i vassoverflata. Innhaldet er i begge tilfelle petroleumsdestillater. Folkehelseinstituttet/Giftinformasjonen har gjeve følgjande råd om akutt helsefare ved kontakt med oljefilmen i vassoverflata:

Søl på hud: Kortvarig hudkontakt med petroleumsdestillat gjev sjeldan reaksjonar, men kan gjere huda litt tørr. Langvarig hudkontakt, til dømes dersom man får søl på klede og ikkje skiftar, kan gje utslett, blemmer og sår i huda. Ved kontakt med oljefilmen bør ein ta av eventuelle våte klede og vaske huda med mild såpe og vatn. Bruk eventuelt fuktigheitskrem etterpå dersom huda kjennes tørr ut.

Inhalasjon: Det er lite truleg at nokon vil få akutte reaksjonar etter å ha pusta inn avdamping frå oljefilmen ved ferdsel i området med forureining. Avdampinga skjer langsomt i kaldt ver, og fordi ein er ute vil ein slik liten avdamping tynnast ut i lufta.

Fisk og anna sjømat: Mattilsynet rår til at det ikkje vert fiska eller drive fangst i synleg oljeforureina område. Fisken vert forureina når den vert trekt gjennom oljefilmen som ligg på havoverflata. Fisk og sjømat som luktar eller smakar olje skal ikkje etast. Folk bør avgrense inntaket av skjell, sneglar og krabbe i område der det har vore observert olje inntil ny informasjon vert gjeve.

Sjå for øvreg: http://www.matportalen.no/matvaregrupper/tema/fisk_og_skalldyr/ikke_spis_fisk_og_sjomat_fra_omraader_med_oljeforurensning.

Fugl, sjøpattedyr og vilt: Statens naturoppsyn (SNO) inspiserer jamnleg dei råka områda for å sjå om det er fugl, sjøpattedyr eller vilt som har blitt skada av forureininga. SNO har til no rapportert inn fire oljetilsølte gråmåsar, samt tre otarar, i område med oljefilm.

Det vil bli gitt ny informasjon dersom det skulle oppstå store endringar i situasjonen. Sjå for øvreg http://beredskap.kystverket.no/innsyn for oppdatert situasjonskart.

Les artikkel på Kystverket sine sider: Statlig aksjon: Kollisjon mellom KNM Helge Ingstad og Sola TS