Kontordag - møte med planutval og administrasjon

Har du eit prosjekt du ønskjer å leggje fram for kommunen i samband med kommuneplanrulleringa, så er du velkommen til å bestille møtetid med oss.

Gjeldande kommuneplan, vedtatt 201 - Klikk for stort bilete Vi arrangerer kontordag den 29. november 2017 kl 13:00-19:00 på kommunehuset i Sund.

Ta kontakt på telefon 56 32 75 00 eller send ein epost for å bestille tid.

Dersom vi ser eit stort behov vil vi legge opp til fleire dagar.

Kven er kontordagen for?

For deg som har eit litt større prosjekt du ønskjer å få presentere, og der du er avhengig av at det vert lagt til rette for i kommuneplanens arealdel.

For deg som har konkrete innspel eller idear som anten gjeld næring, bustadutvikling eller tilgang til sjø for allmenta, som kan være vanskeleg å skildre skriftleg på eit innspel.

Kven møter du på kontordagen?

Representantar frå planutvalet og administrasjonen vil ta i mot deg for å lytte til dine idear. Planutvalet er styringsgruppa for kommuneplanrulleringa. Frå administrasjonen stiller leiar for Arealavdelinga og/eller rådgjevar på Arealavdelinga/ planavdelinga.

Kva om eg har spørsmål eller treng hjelp med mitt innspel, og dette ikkje er eit «større prosjekt» (innspel om ein enkeltståande bustadtomt eller liknande)?

Då er du velkommen til å ta kontakt med Arealavdeling og avtale møte med administrasjonen som kan gje rettleiing på dette.

Sist endra 08.11.2017

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56 32 75 27
Mona Rabben
Rådgjevar
Telefon: 56 32 75 86