Konsert i Håkonshallen 28. september

Klikk for stort bilete

Søndag 29. september tar Sund kommune i mot nokre gjestar frå Scalloway på Shetland og dagen før er det konsert i Bergen.

Opplev Jenna Reid med orkester framføre "Escape" i Håkonshallen laurdag 28. september kl 1900.

Jenna Reid er født og vaksen opp i Quarff på Shetland. Jenna har utvikla seg til ein av Skottland sine fremste, unge talent innan tradisjonsmusikken. Med ytterlegare tre soloalbum, deler ho si tid mellom å undervise i fiolinspel, komponere og turnere saman med fleire ulike grupper. Ho har lenge vore rekna som ein av Skottland sine beste fiolinspelarar.

No kan du oppleve ho med bl.a søstera, Bethany, i fantastiske Håkonshallen.

Dei framfører ein to-delt konsert:

* Første del er tradisjonell folkemusikk Shetland
* Andre del er stykket «Escape», som på ein gripande måte fortel historia om Jan Baalsrud (filmatisert i «Ni liv» og «Den 12.mann»)

Forestillinga er ein del av samarbeidsprosjektet "Fortellinger fra Festningen", mellom Bymuseet i Bergen, Sjøforsvarets musikkorps og Bergenhus kommandantskap.

Billetter kan kjøpast på : https://jenna.hoopla.no/sales/escape2019