Konsekvensar av kommunesamanslåinga

Klikk for stort bilete

I tida fram mot nyttår vert nokre funksjonar/tilbod reduserte som følgje av at dei tre kommunane i vest skal verta ein ny kommune frå 1. januar.

 

Sakssystema må stengjast ned, og konsekvensen av dette vert noko mindre saksbehandling i tida fram mot nyttår. I Sund og Øygarden vert sakssystema stengt den 19. desember, medan sakssystema i Fjell vert lukka den 20. desember.

Fram til den nye nettsida er på plass 2. januar er det ikkje høve til å nytta elektroniske skjema på nettsida til dei tre kommunane. Heller ikkje postliste er tilgjengeleg før den nye nettsida er på plass.