Kantklipping på kommunale vegar

Kantslått - Klikk for stort bilete Sund kommune tek til med kantklipping langs kommunale vegar.

Arbeidet vil ha oppstart umidelbart og halda fram mot oktober. Utstyr som vert nytta er grovt maskinelt og eignar seg dårleg i bustadområde.

Vi ber difor grunneigarar sjølve ta ansvar for klipping av hekkane sine før vi kjem.

For nærmare informasjon kan de ta kontakt med kommunen på telefon 56 32 75 00.

Kantklipping vert utført med heimel i veglova § 31

Sist endra 03.08.2017