Invitasjon til kulturforum

Til ingress - invitasjon til kulturforum - Klikk for stort bilete Sund, Fjell og Øygarden kommunar inviterer til kulturforum 2018.

Målet med forumet er å utvikla samarbeid på tvers og saman med kommunen om kulturaktivitetar og arrangement i lokalmiljøet og i nye Øygarden kommune.

Kva kan vi samarbeida om og kva nytteverdi har samarbeidet?

Tema

Korleis skal vi organisera samarbeidet for å skapa gode kulturarenaer og aktivitet i nærmiljø og lokalsamfunn i heile nye Øygarden?

Dato | Tid | Stad

Onsdag 3. oktober kl. 17.30 – 19.30 på Panorama Hotel & Resort i Sund.

Program

  • Dørene opnar kl. 17.00 for kaffi og te, lett servering og mingling.
  • 17.30 – 17.40 Kulturelt innslag
  • 17.40 – 17.50 Velkomen v/kulturleiarane
  • 17.50 – 18.05 Innlegg v/Glesnes ungdomslag
  • 18.05 – 18.20 Utvikling av frivilligpolitikken i Sund v/Robert Kaupang Sæle
  • 18.20 – 18.30 Pause
  • 18.30 – 19.00 Amatørkulturrådet i Bergen presenterer seg og sitt arbeid.
     Kven er med, kva driver dei med, kva oppnår dei i samarbeid med kvarandre og med kommunen?
  • 19.00 – 19.20 Diskusjon rundt borda: Kva kan nytte vera for oss i vest med eit amatørkulturråd?
  • 19.20 – 19.25 Gruppene deler tankar høgt om kva prosess ein ynskjer
  • 19.25 – 19.30 Avslutning

Påmelding

På e-post til: laila.klemetsaune@sund.kommune.no

Frist for påmelding er fredag 21. september.

Vel møtt!

Invitasjon til kulturforum - Klikk for stort bilete