Influensavaksine 2018

Vaksinasjon - Klikk for stort bilete Det blir vaksinering mot årets influensa på helsestasjonen i helsehuset fredag 26. oktober og onsdag 31. oktober. Begge dagane frå kl. 08.00 - 15.15

 Pris : 150 kr

 

Personar i desse gruppene blir særleg tilrådde å ta influensavaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke - 2. og 3. trimester
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes mellitus, type 1 og 2
    • Kronisk lungesjukdom(inkludert astma)
    • Kronisk hjarte- og karsjukdom
    • Kronisk leversvikt
    • Kronisk nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett infeksjonsforsvar
    • Svær alvorleg overvekt (BMI over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege

Dersom du har spørsmå om vaksina, ta kontakt med helsestasjonen på telefon 56327500.