Har du prøvd den nye turvegen i Spildepollen?

Klikk for stort bilete

I samband med opninga av Spildepollen skule 1. november, fekk vi og ein ny flott turveg. Det er ein universelt utforma turveg med lys og benkar med bord langs vegen.

Anlegget i Spildepollen er blitt eit flott anlegg med ny skule, idrettshall, fotballbane i tillegg til universell utforma turveg med lys.

Kanskje du og vil teste svevebana ved skulen, fotballbana eller basketballbana? Det er meldt om flott ver til helga og vi oppmodar alle til å besøkje vårt nye anlegg.

Takk til Sartor Maskin som har vore totalentrepenør for prosjeket!

 Klikk for stort bileteKlikk for stort bileteKlikk for stort bilete

 

 

   

Foto: Ulv Christian Sæther