Fotografering av kommunale vegar

Bil frå Safe Control - Klikk for stort bilete Driftsavdelinga i Sund kommune har engasjert Safe Control for fotografering av det kommunale vegnettet og vegar kommunen har vedlikehaldsansvaret for.

Safe Control har eigen registreringsbil som tar 360º panoramabilete kvar femte meter på vegen, samstundes vert GPS-posisjon registrert med høgde, og ei rekkje andre posisjoneringsdata.

Vegbilete skal nyttast til forvaltning av vegnettet, og bilete må takast når det er bart, opphaldsver og dagslys.

Fotografering tar til rett etter påske, og vil bli utført med ein liknande bil.

Sist endra 19.04.2017