Forbod om bruk av open eld er oppheva

Brann utmark Kausland - Klikk for stort bilete

Skogbrannindeksen syner no mindre fare for skog og utmarksbrann, og brannsjefen opphøyrer difor forbodet mot open eld som vart innført i Fjell og Sund 8.mai.

 

Nedbør og lågare temperatur er nokre faktorar som gjer at skogbrannfaren no er lågare.

Brannvernet minnar om at det generelle forbodet om bruk av open eld i eller i nærheten av skog eller annan utmark gjeld fram til 15.september og oppfordrar alle til å vise stor aksemd ved bruk av open eld i utmark.

 

Sist endra 19.05.2017