Etablering av Øygarden brann og redning IKS

Lagbilde 2 - Klikk for stort bilete Den 6. februar var det ei enkel markering av etableringa av Øygarden brann og redning IKS. Selskapet var operativt frå og med 1. januar 2018 og har om lag 70 tilsette. 

Markeringa fann stad i Ågotnes brannstasjon frå klokka 18 til 20. I underkant av 60 personar var til stades. Det var ei fin blanding av tilsette, representantar frå styret og representantskapet.

Det var hyggeleg at ordføraren i Sund og Øygarden og varaordføraren i Fjell var til stades. Også representantar frå lokalt politi og Hordaland Sivilforsvarsdistrikt var på plass. Det var også beredskapsleiaren i Fjell.

Det går fram av bileta at vår nye medarbeidar Bjørnis også kasta glans over forsamlinga.

Bjørn Olav Paulsen
brann- og redningssjef - Øygarden brann og redning IKS


Foto: Geir Jensen

Bjørn Olav, Børge og Per Gunnar - Klikk for stort bilete Bjørnis - Klikk for stort bilete åpning av kake - Klikk for stort bilete