Representantar i Øygarden kommunestyre

Klikk for stort bilete

Valstyret for Nye Øygarden kommune godkjende i kveld møteboka med kandidatkåring av representantane i Øygarden kommunestyre.

Kommunestyrevalet enda opp med at Høgre fekk 10 representantar, Arbeidarpartiet åtte representantar og Sotralista med fem medlemer i kommunestyret. Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, Framstegspartiet, KrF og Senterpartiet får kvar sine fire representantar. Miljøpartiet Dei Grøne og SV får to kvar, medan Raudt og Venstre får eín representant kvar i Øygarden kommunestyre kvar.

Frammøtet ved ved valet var 63,4 prosent. I 2015 var valoppslutnaden i Øygarden 68,2 prosent. I Fjell møtte 57,2 prosent av dei røysteføre opp for å røysta, medan oppslutnaden i Sund i 2015 var på 56,5 prosent.

Her er liste over dei medlemene som er valde inn i kommunestyret (to stjerner for faste medlemer og eí stjerne for varamedlemer).

Her er lister med informasjon om røystetillegg og personrøyster.

Her kan du lesa meir om valresultatet i Øygarden kommune.

Her er valresultatet for Vestland fylke.

Tekst: Vigleik Brekke